• Verk
  • Ord
  • Omtale
  • CV
  • Kontakt
Menu

Marthe Minde

Street Address
City, State, Zip
Phone Number
Arna, Noreg

Your Custom Text Here

Marthe Minde

  • Verk
    • Mellom loft og kjellar
    • Varp IIII
    • Henders bruk
    • Ryggen rak
    • Tom kjøkkenstol
    • Varp III
    • Gangdør på gløtt
    • Raknande kvardagsrytmar
    • Din veg
    • Varp II
    • Tørkehuset om hausten
    • Skårgang
    • Trappene heime
    • Trappene heime
    • Varp
    • Trappene heime 1 : 4
    • Fotfeste
    • Den utamde tråden
    • Bindingar II
    • Bindingar
    • Spor av ei mor
    • Spol tilbake
  • Ord
  • Omtale
  • CV
  • Kontakt
firkant4.jpg

Ryggen rak

Vi kjem alle i båt
sakte sigande
litande
på at nokon skuvar sitt til sida
og tek oss imot

Før dei
høgreiser kjølen
trær oss til rammeverket
rettar ryggen
og lèt oss
få livd

Vi reiser alle i båt
med håpet enno ein gong
hengande tynt
frå bønknuga hender
ryddar dei plass
der eg no kjem?

Stad:

Ved Austråttborga på Ørlandet

År:
2022

Høgd:
3 meter

Materiale:

Douglasgran frå Bessaker
Handspunnen ull frå Sannan, Opphaug
Tjære frå Bjugn
Gran frå Osterøy og Voss

Om:
I 2016 vart det funne ein om lag 1000 år gamal leikebåt ved Ørland hovedflystasjon. I skulpturen Ryggen rak er leikebåten forstørra 15 gongar og står som ein høgreist vevskyttel som famnar om ein vevspole. Båtskyttelen er forma fram frå eitt stykke douglasgran, medan spolen er skoren ut av gran og surra med handspunnen ull. Verket viser til det å vera nykomar på ein stad, slik Hannah Ryggen var på Ørlandet i 1924. Det talar om tilhøyrsle, om det å finna sin plass og å retta ryggen.

Ryggen rak er eit resultat frå kunstnaropphaldet mitt på Ørlandet under Hannah Ryggen Triennale 2022. Skulpturen er skapt i samarbeid med Reidar Holden, Einar Madsø, Rose Cenna Albrigtsen og Mariana Laporte.

Foto:

firkant4.png
lys.png
nær.png
bakklar.jpg
klarma.jpg
You must select a collection to display.

© Marthe Minde